JOURNALIST I LOKALAVIS Av og til brun teleløysing Langs svingete vegar Kloke og artige raudmussa folk I varme eller hustrige hus Mykje mørk kaffe Og gylne kaffebrød Som smelta på tunga Ikkje minst lefse Og svært mykje bilkøyring Av og til ei duvande svart ferje MIDTSOMMAR, REGN Du skreiv: Trist med regn etter rekordvarmen Du retta det straks: Regn blir bra for bonden Men alle vi treng regn Kjøt i staden for støv Korn i staden for oske Så er sagt at folk treng hus Men folk treng mat Mat treng regn Fjøs treng fe Jord treng frau og regn i all vår tid BLUES Sølvgrå asfalt I sommarregn Mot ein ny morgon Over irrgrøne grøfter Flyg mørke skyer Med blått skimmer imellom Fem fattige junigrader På radioen – I am the little red rooster Too lazy to crow for day TF 01.06.2023 VEKTTAP Overskjorta hadde folda seg ut som ein spinnaker i austavinden Like før hadde han skimta den verkande stortåa LYKTA Den sløkte lykta står og kjenner seg unyttig Som eit vagt minne om natta som har vore I Kattmarjaheimen Veks villgras i tuver På stien frå grinda Kring steinar og klynger   Kring Kattmarjaheimen Renn Småbakkabekken Med sølvklunkesildring Og ripsen i krattet   I Kattmarjaheimen Sprang barføtte jenter Med raudlette fletter  Og latter i lyngen   I Kattmarjaheimen Her møter eg minner Den nedgrodde trappa I Kattmarjaheimen ///TURISTEN ///Eg vil berre reise dit kor ingen andre har vore sa han Så fint Då kjem han ikkje hit For her har eg vore LOKFØRAREN I natt møtte eg lokføraren Han fortalde at når du køyrer tog vestover den amerikanske prærien Sørover mot natta ligg stjernehimmelen fast  Men mot nord endrar stjernebileta seg heile tida Blir du svimmel av denne straumen av stjerner er det berre å rette blikket mot det faste  mot sør Dette er natur  la ha til og forklarte at oppe på Saltfjellet skal dei lage ei utstilling om  dette Tre stolpar med ei fastlagd plassering Når du siktar mellom dei kan du sjå  korleis det heng saman  Lokføraren hadde på seg venlege fritidsklede men når han er på jobb ber han ei av desse store skjermhuvene ein fargerik halsduk  og lange arbeidshanskar av skinn på nevane Det kan vere spennande  å stå der fremst i toget Om noko hender i natta får du ikkje tid til å bremse Du berre køyrer på Sa han og kvarv ///Om han Jack Berntsen hadde levd //Om han Jack Berntsen hadde levd, då hadde han tatt på seg den slitte skinnjakka si og klødd seg i skjegget og leita fram den gamle gitaren sin og laga ein song.
Det skulle ha vorte ein song om ho Lena som vakna av eit frykteleg drønn. Det skulle ha handla om at blokka ho budde i og skolen ho gjekk på vart lagd i grus, berre fordi ein mann borti eit anna land hadde fyra av alle nyttårsrakettane sine i mars
— enno det ikkje var lov
— og brent ned husa til folk som låg og sov.
Om han Jack Berntsen hadde fått levedagar, ville ha skrive songen om ho Lena som rømte over grensa saman med ho mamma og han lillebror, mens han pappa måtte i krigen og ein sliten, men trufast tøybamse vart liggjande att i ei branntomt.
Det ville han ha gjort, han Jack Berntsen, og så ville han ha rive seg i skjegget og slått på gitarkassa
— og tatt grep
— og sett seg ned saman med ungane,
og sunge av full hals at
"de store slemme lainnan de ska kje føl sæ trygg
— de snille land skal reise sæ og velte dem på rygg!" Nåljos 14.3.2022 ///Iskald måne over svarte horisontar Attom bølgjande aks Løyner gult ljos frå grå hus Løyner nådelause glimt attom tagale tre  Såkornet brenn Skular brenn Massegraver  Despoten sine blå auge blundar ikkje Bleikt nåljos skjelv over Europa Men då 20.8.2021 Men då han kom tilbake
vaska og vaska
dei same dønningane
og langt der ute
var horisonten like bleik og utydeleg KØNTRI 6.6.2021 Sauene ørtar og havskodda sig
Oksen går rundt med ein flir Humlene humlar og gjeldkua mig
attom ein trufast John Deer Korps i mai 23.5.2021 Eg var
misunneleg
på dei som vart utvalde
til å spele
I skolekorpset Men sjølv klarte eg nesten
å hamre meg gjennom
heile «Ja vi elsker»
På xylofon Sidan har eg alltid
vore på leiting
etter ein alternativ
Fedrelandssong Gul fugl på kino Den første filmen såg eg på samfunnshuset,truleg syttande mai.
Ein gul fugl var med,veit eg.
Eg var i førskolealderen. Meir enn 60 år har gått no.
Sida har eg sett mange filmar eg ikkje hugsar. For ikkje å snakke om dei eg aldri fekk sjå. MÅSEN PÅ GJERDET Han tenker kan hende på sola som varma på regnet som piska over eit lunt bol på ungane som fór prøvande i vinden på snøen som falt og som snart kjem att Kan hende Bortanfor skoddedottar attanom svarte fjell langt bortom sky ligg det gylne landet Den forgylte staden kor stundom sol bryt fram  //Attani blautmyralandet Grov dei opp grøfter Slepa på gråstein Bortanfor storsteinatstykkjet Vaks det ein mur Skoddeheimsmuren I morralysdis Vi har fare fint åt
med gammalbåten
Nymåla er han
og dugeleg bunnsmurt
God for mang  ei ferd
og meir enn eitt varp
I maksvér
på heimsjøen No ligg han forsvarleg
fortøyd på land
I sommar
vart det ikkje om
at han kom på sjøen
Yamaha-en står i naustet Naustet
hans onkel Bergvald på Roparneset
vart forma og designa etter
rekveden sin struktur og arkitektur
og vaks fram i harmoni
med sørvestvintrane
Her lagra han
sildekasser og hesjestreng
Vindusrammer funne på rak
og nesten sjøsettande bruk
Oljehyr
og nyttige syredunkar
til fløyt
Her samla han metervis med rør
til vassleidninga
som aldri var noko av Den fjortenfots heksbåten
låg kvelva utfor veggen KORN Gylne aks  vaiar i vinden Under ein stålgrå himmel Utan korn låg alle landa aude NYSTUA Etter at innerstua brann
Bygde bessmor og bessfar
ytterstua
Av vatn, sand og sement Romsleg vart ho ikkje
Men bislaget låg i le NY RESEPT Det er blitt enklare Å fjerne utbyttinga I verda:  Bruk litiumbatteri Et hønsekjøt Gå på vatnet SITTE-DIKTET Det er godt å sitte
på gjerdet.
Heilt til du skal
hoppe ned og du
oppdagar at du
sit oppå ein av
staurane. UTAN TITTEL Men då han kom attende vaska og vaska dei same dønningane og langt der ute var horisonten like bleik og utydeleg UNIVERSITAS – E ha gådd på Skogmo Universitetet, pleide han å seie, humoristen og rørleggjaren Svein frå Brønnøysund. Han gjekk bort for nokre år sida. Han var ein kar som visste mykje, ikkje minst om hurtigruta. Dette var før nokon kom på den narrestreken at kvar einaste læreanstalt i kvar einaste snobbete norsk by skulle smykke seg med å vere universitet. Grunnutdanninga si fekk han Svein i grendeskolen på Skogmo som og er borte. VEGG Slipa av vind bleika av sol, krøkt av tid, men står, tett lafta, fersk i margen UTAN TITTEL Som ein drope i vinden Som eit lauvblad i skogen Som ei fjær i lyngen Som ein dag imot vest for eg VÅR «Hang down your head Tom Dooley...» Ho la att augo og song, mens ho slo på strengane og samtidig kika ned i Jørgen Ingmanns nybegynnarkurs. «Hang down your head and cry...» Ho tromma tankefullt på Lucky Seven-gitaren og tenkte seg langt, langt forbi strekkmetalltrappa, eit kast med hovudet, fekk lokkane vekk frå fjeset. Eit nytt grep, ho nynna lågare, ifall dei sat og lya der inne. Med eitt la ho gitaren ifrå seg, kjeik vaktsamt over skuldra før ho drog fram det kvite arket ho hadde gøymd innpå barmen, glatta det ut der i fanget, las den jamne handskrifta enno ein gong. Det kom så langt bortanfrå, hadde vore så lenge på reise, brevet. BORDET På kjøkenbordet
var livsgrunnlaget. Der vart grauten og flatbrødet sett fram,
og grovkaka og lefsa,
nyrørt rips og godt smør.
Til kvardags kasserollen
med uskrella, mjølne potetar.
Lettsalta torsk og flesk.
Ein sommars dag sprøsteikt auring
frå den grunne bekken.
Raud i kjøtet. Kjøkenbordet
var midtpunktet
for ei handfull menneske
som benka seg rundt det
i ei tid gøymd bak bleike dagar. Då han skulle ta dei første stega,
greip han
med dei små butte nevane sine
eit solid tak i bordkanten
for å heise seg opp.
For han var det
heilt utenkeleg
at det kunne velte. HEIM I mange dagar hadde vi gått. Både hundane og vi var svoltne og slitne. Så vi lægra oss der ved stranda. Det regna ikkje lenger. Langt der borte skein dei kvite fjella, fjella våre. SKRIFTA Andre gongen det flødde
gjekk eg dit ned,
og las den same skrifta. Neste dag gjekk eg ikkje ut. Etter kvart la isen seg
i flomålet. Du kan ikkje gå
på den same stranda 
to gongar. DET SOM VAR Haken 
heldt vindauget på gløtt
og slepte fri eimen
av steikt sild og 
tynne rullings.
Kvitmålinga slepp taket
og rusten tving seg fram.
Enno held ho stand,
grønmålinga 
ho kjøpte billig 
på auksjon. AT DET HADDE At det hadde vore liv At det kunne vere liv At det var liv Ein stad Mellom skjøre flak Og svart vatn Såg vi Då isen brast HURTIGRUTA JUNI 2011 Eg er ingen sjøulk. Ein gong var eg med og spydde ut ein motortorpedobåt Og eg minnest med gru ein seilas over Lopphavet med gammal-Erling Jarl,
då sjyen kom forsande innabords
og det sto ein fot vatn på lugargolva Men eg kom heim til jul. Laurdagskveiden i den veka NRK sette kjøl på Nattønsket, sto eg klar på Nærøysundbrua, då NordNorge kom sigande med TV-kamera som gallionsfigur i baugen,
og bror min ringte og fortalde at han såg meg. Eg fotograferte hurtigruta med mobilen, og med kamera.
Framanifrå og attanifrå der oppefrå brua Før eg heiv meg på sykkelen og trødde inn til Rørvik, akkurat då ho sette på sidepropellane og seig inn til kai. Der møtte eg ein kompis som hadde sykla eins ærend
frå Brønnøysund.
Han skulle vere med NordNorge, ilag med turistar og TV-kamera, heim same kvelden. Det var storsjau på kaia.
Viknaværingane passa på å feire Hurtigrutas Dag der i Rørvik den dagen med  ordføraren på alerten og hornmusikk på plass Dei spela «Månemann»,
mens eg stod der og hang med sykkelen
med ein blå hjelm på skolten. Eg måtte tråkle meg fram i trengselen bortover kaia, Du kunne ikkje presse så mykje som tverrhanda mellom meg og medborgarane mine då. Eg aksla meg framåt gammalhurtigruta, Nordstjernen,
sørgåande, som og va kommen inn til Rørvik. Halvparten av Vikna sine 4000 innbyggarar var møtte opp der denne kvelden.
Halvparten. 2000 på kaia og i småbåtane. Men så va det å hive seg på sykkelen igjen,
til hytta, kor eg hadde latt TV-en stå på. Då var ho på veg nordover igjen,
gjennom det tronge sundet nord for Måneset. Å så møtte ho Helgelandskysten
i den flottaste midtsommarnatta med rosa- oransje- og fiolettnyansane på fjell og sjø, og ho Kari Bremnes song – og det var lyst, og det er mykje mørkare no enn då, For resten av signingsferda langs riksveg
nummer ein vart ei einaste midtsommarnattsdraum
med Helgelandskysten som suveren seierherre. Eg satt og såg det på TV, då ho seig under
Brønnøysundbrua i stavstilla mens feststemte brønnøyværingar rølpa og skreik «Velkåmmen tel Brønnøysschuinn» og vrengte av seg overskjorta og vifta med ho, mens dei brøla enno meir, for det var kyststevne der i byen – og øl å få. Og dei heldt fikling med telefonane sine, alle ihop,  mobiltelefon i eine handa og eitt skilt av bølgepapp i den andre handa, som dei vifta med for at  ho Besta på Forvik, morsan og ho Prutt våres på Mindlandet skulle sjå dei på TV. Sjå meg – her er eg – på TV – og eg drit i hurtigruta – berre di ser meg heime. Meg. Meg. Og Brønnøysund Musikkorps, sjølvaste BMK,
spela «Månemann». Og sånn var dei – sånn var dei på kai etter kai, i Sandnessjøen var dei visst enno fullare,
for der var nattklubbane akkurat stengde då skipet  NordNorge gjorde sin entre og natta var fylt med nostalgi, magi og selfiar. Vi såg dei alle, der dei sto på berga frammed fjæræ og vifta med pledd og småungar. Somme hadde spjåka seg ekstra mykje ut,
til og med inni Trollfjorden var det nokre jenter
så ha kledd seg ut tel – ja no kan du gjette…troll. Og av å til måtte eg på arbeid, mens TV-en stod på. I Skjervøy såg eg kor sannsynleg uoppdragne ungar dei hadde der,
som heldt på å trø ned heile landgangen. Og eg fekk sjå Honningsvåg. Og så – så kom Kjøllefjord, i storm og juni-sklett. Der såg eg ein elev, ein eg hadde  på barneskolen i 1973. No stod han der og fraus stakkar i ein blå genser. Og hornmusikk vart det. Og jentungane dansa. Og tok selfiar. Men i Mehamn, der stod han Elvis Presley me forsterkar i ei egnarbu med lokal båddygard. Det var stort, i tungsjøen langs månelandskapet bortover Aust-Finnmarka
med solgløtt over Vadsø. Seiersgang gjorde ho – seierseilas før kysten, aksjonærane og Destination Helgeland. Tenk at like til i Nepal sat dei og såg på dette, og i Aserbajdsjan – derifrå fikk blandakoret i Honningsvåg
– eller kor det no var – innbyding til å komme og synge - Og det var hurtigruta si skyld – og  NRK2. Oppe frå bergknausen kunne dei sjå fjorden og kanskje dei blå fjella attom Dei unte seg ein rast. Det var langt heim, men dagen var lys og sola varma litt framleis KVINNE PÅ IPANEMA 35 grader
i formiddagsskuggen
Men ho gir blanke
Luftig kjole
Blårutete parasoll Hastar bortover promenaden Bryr seg ikkje
Ensar ikkje
turistar og tiggarar
halsande sveitte trimmarar
Varesyklar med isbitar
Ropande tøyseljarar Hastar vidare
så fort sandalar og stokk maktar Truleg skal ho heim
Ho er ei kvinne
På Ipanema   KVILD På ein benk
i skuggane
under dei
grøne by-trea
finst ei svalare verd
for trøytte menn
og tørste hundar ... #riodejaneiro 2015 Diktet om «Dorthea» Ein slitar på kysten Bygd på Vestlandet i 1898 I fjordfart, i kystfart Med tømmer og plank Bølgeblikk og forhudningspapp Mjølkespann og smørbuttar Taugkveiler og nøter Høyballar og kornsekker Komfyrar og sild og sirup og tang, ikkje minst Og ei geit som stod i band frå Hortavær til Måneset   Rundt 80 år gamal vart ho sett på land for siste gong Beingrinda hennes stikk enno opp av fjæra Saman med restane av ein seigliva 180 hk Caterpillar   #lauvøya 2018 TOPPTUR Vi sveitta oss til topps 
Aslam tolk, Tarjei og Eg
Der møtte vi den heilage mannen
brunbarka, mager og vindskeiv
Han peika utover dei veldige skogane
og forklarte himmelretningane
Så sette han seg på huk
og kleip sund ein lime
og blanda med friskt vatn
og rikeleg med sukker
Lot oss få i glaset sitt 
eit solid kjøkkenglas
som hadde eit svakt rosa skjær 
etter alt som hadde vore i det
Grådige drakk vi oss utørste etter tur
Etterpå fortalte han om livet sitt
og om at han sleit
med tuberkulose .... #kerala 1991   Vridd og varpa Djupe grå vindslepne furer Jorda tar sitt tilbake Tid etter tid Til mold skal du bli Ein lurvete roman og den gamle trøya pakka inn i ei skitten matte på ei rusten kjerre Håpet låg att i minna om ho som drog Å, den som kunne være den
som kjører følgebil gjennom tunnel.
Att og fram, att og fram.
Høre på radioens P4.
Småkaffe.
Att og fram, att og fram.
Matpakke.
Kaffe.
Att og fram, att og fram.
Høre på radioens P4.
Heim.
Middag.
Et herlig liv.